Spørsmål & Svar

FAQs

Øygarden Active tilbyr naturbaserte opplevingar og aktivitetar i det unike kystlandskapet vest for Bergen. Med base midt i skjergarden legg vi til rette for alt frå rolege naturopplevingar til actionfylte aktivitetar - for familiar, vennegjengar, lag og foreiningar eller bedrifter som ønskjer ein unik dag saman. Vi kombinerer profesjonelle guidar, variert utstyr og spektakulære omgjevnader, slik at alle deltakarar får ei trygg, lærerik og minneverdig oppleving – uansett erfaring og nivå.
Kva kan ein gjere hos Øygarden Active?
Hos Øygarden Active kan du oppleve friluftsliv og aktivitetar i spektakulær kystnatur. Vi tilbyr kajakkutleige, klatring, guida turar, flytande badstove, kick-off, teambuilding og skreddarsydde opplevingar for både familiar, vennegjengar og bedrifter.
Kvar ligg Øygarden Active?
Øygarden Active held til i Øygarden kommune, like utanfor Bergen, midt i det vakre kystlandskapet på Vestlandet. Vi har base under Rongesundsbrua på Toftøy i gamle Øygarden.

Her får du nærkontakt med hav, skjergard og natur – perfekt for friluftsaktivitetar, kurs og opplevingar gjennom heile året.
Tilbyr Øygarden Active kajakkutleige?
Ja! Øygarden Active tilbyr trygg og fleksibel kajakkutleige i Øygarden for både nye og erfarne padlarar. Du kan leige enkeltkajakk eller tandem, og vi hjelper deg gjerne med turforslag, utstyr og tryggleik. Du må ha våttkort for å leggje ut på tur aleine, elles tilbyr vi guida turar.
Kan bedrifter arrangere teambuilding eller kick-off i Øygarden?
Absolutt! Øygarden Active tilbyr firmaarrangement, kick-off og teambuilding med fokus på samarbeid, naturopplevingar og meistring. Vi kan setje saman aktivitetsdagar, konkurransar eller rolege naturopplevingar – alt etter behov.
Er det mogleg å kjøpe gåvekort hos Øygarden Active?
Ja, du kan kjøpe gåvekort som kan brukast på alle våre aktivitetar – ei perfekt gåve for den som ønskjer seg opplevingar framfor ting! Gåvekorta kan bestillast digitalt eller hentast på staden.
Må ein ha erfaring for å delta på aktivitetar hos Øygarden Active?
Nei, ein treng ikkje erfaring. Aktivitetane våre passar både for nybyrjarar og vidarekomne. Guidane våre sørgjer for trygg opplæring, og alt naudsynt utstyr er inkludert i prisen.
Kva for kurs tilbyr Øygarden Active for ungdom og vaksne?
Vi tilbyr kurs innan kajakk, SUP og klatring – både for ungdom (frå 13 år) og vaksne. Kursa gjev praktisk erfaring og tryggleik ute i naturen – perfekt for deg som vil lære meir om sjø, vind og kystliv.
Når på året kan ein delta på aktivitetar hos Øygarden Active?
Øygarden Active held ope heile året. Våren, sommaren og hausten er perfekte for kajakk og klatring, medan vinteren byr på rolegare naturopplevingar, badstove og spesialarrangement. Vi tilpassar aktivitetane etter sesong og vêr.
Tilbyr de kick-off for bedrifter i Øygarden (nær Bergen)?
Ja. Vi skreddarsyr kick-off og firmaarrangement med aktivitetspakkar ved sjøen, moderne lokale (i samarbeid med 155.no), servering og føredrag etter ønskje. Ein typisk teambuildings-dag kan kombinerast med badstove, Coasteering, FLYT, kajakk, båt- og fiskekonkurranse, klatring eller naturbaserte samarbeidsutfordringar.
Kor mange personar har de plass til i møtelokalet?
Vi har spiseplass til opptil 28 personar i andre etasje og ein minglesone til 18 personar i første etasje. Brygge og uteområde kan nyttast etter vêr og sesong.
Kan vi bestille privat flytande badstove til firmafest eller sommaravslutning?
Ja! De kan booke heile saunaen privat på Kolltveit eller Toftøy via epost/strilasauna.no. Det er perfekt som avslutning på ein aktiv dag eller som ei eiga sosial samling.
Kan vi få fagleg innhald eller føredrag i tillegg til aktivitet?
Ja, vi samarbeider med dyktige føredragshaldarar og kan setje opp kombinerte dagar med fagleg del, møte og aktivitet. Dette passar godt til leiargrupper, strategisamlingar og kundearrangement.
Kor tett på sjøen er de, og kva for aktivitetar passar for alle nivå?
Vi held til heilt i sjøkanten i Øygarden. Aktivitetane blir tilpassa gruppa sine ønskje, ferdigheiter og vêrforhold. Alle deltakarar får rettleiing og naudsynt tryggleiksutstyr, slik at alle kan delta trygt – uansett erfaring.
Korleis førespør vi dato og opplegg?
Bruk kontaktskjemaet på «Pakkar»-sida, eller send oss ein e-post med ønskja dato, tal på personar og budsjett. Vi set saman eit forslag med aktivitetar, servering og fasilitetar som passar for dykk.
By clicking “Accept All Cookies”, you agree to the storing of cookies on your device to enhance site navigation, analyze site usage, and assist in our marketing efforts. View our Privacy Policy for more information.