Om oss

Om oss

Historien bak

Historien bak

Oppstarten av Cirka AS som i dag driv Øygarden Active, skjedde ikkje etter ein forretningsplan, men vart til som eit produkt av eigarane si glede over naturopplevingar ute i Øygardsnaturen. Det heile starta med at fire kollegaer på ein ungdomsskule hadde same interesse for friluftsliv. Det vart mange kajakk-og klatreturar rundt om i kommunen, og etter kvart og vidareutdanning til instruktørar på fleire felt. Ein av kollegaene flytta, og plutseleg var det berre tre igjen.

Om vinteren vart det etter kvart behov for å klatre inne når det regna og var kaldt, men akk så langt det var å køyre heilt til Bergen. Ideen vart sådd, ein av kollegaene hadde for mykje på seg, men to hadde tid i denne perioden.
Vi starta i det små med eit kurssenter for klatring, så kom våren og øygarden kajakksenter såg dagens lys under same paraply.

Etter ein kald sommar med kajakkurs for våre venner i Fjærland Guiding, opplevde me gleda av å gå rett frå kurs i kaldt, men magisk azur blått hav, til 90 graders varme i Dampen! Fjærland Guiding inspirerte! Vi hadde kveldar med intensiv prat om drift og reglar, ulemper og fordelar. Den hausten kom første sauna båt tøffande inn i Kjøpmannsvågen på Toftøy.  

Cirka AS hadde eit nytt produkt! Sauna båten gav tilgang til Øygardens sin største ressurs heile året. Havet! Cirka AS driftar idag Øygarden Active sine opplevingar og kurs til lands og havs i Øygarden frå Toftøy.

En kajak, solnedgang og en bro i bakgrunnen
En barnegruppe på kajakkurs

Vårt team

Ingrid Algrøy Sæle
Dagleg leiar
Cirka AS

Kajakkinstruktør, Klatreinstruktør, SUP-instruktør

Cato Risløw
Styreleiar
Cirka AS

Kajakkinstruktør, Klatreinstruktør, SUP-instruktør

By clicking “Accept All Cookies”, you agree to the storing of cookies on your device to enhance site navigation, analyze site usage, and assist in our marketing efforts. View our Privacy Policy for more information.